Politisk debatt om bynært landbruk

Bergen Bondelag og Bybonden i Bergen inviterte til politisk debatt om det bynære landbruket i eit beredskapsperspektiv.
Debatten vart innleia og oppsummert av Bybonde Mari Beitnes, og i panelet satt lokalpolitikarar frå nesten alle partia. Ingdrid Solstrand frå Bærekraftige liv var ordstyrar. Spørsmålet til politikarane var "Kvifor skal vi ha eit landbruk i og rundt Bergen, og kva er verdien av det bynære landbruket i eit beredskapsperspektiv?"
Politikarane som satt i panelet var Even Sørland (AP), Eline Aresdatter Haakestad (MDG), Ingrid Fjeldstad (V), Didrik Fasmer (H), Reidar Digranes (SP), Andreas Madsen Berg (SV), Per Erik Gåskjenn (KRF), Mailiss Solheim-Åkerblom (Raudt), Cesilie Tveit (Folkets Parti) og Jørn Erik Toppe frå Bergen Bondelag.
Tema som vart tatt opp var bevaring av matjorda i og rundt byen, korleis styrke rekrutteringa til næringa og omdømmet og å bruke kommunen sitt innkjøp til å løfte det lokale landbruket.
- Vi håper temaene som vart tatt opp under debatten vert med vidare i valkamp og politikkutforming, sa ByBonde Mari Beitnes etter debatten.