Innlegget var kort og tydeleg frå Gjengedal si side: 

- Det går ikkje å sitte i ro utan å nemne pelsdyrbøndene som, etter 5 år,  framleis ikkje har fått den erstatninga som politikarane har lova!!  Dei politikarane som var i opposisjon då nedlegginga av pelsdyrnæringa vart vedteken MÅ levere!

Gjengedal vende seg til sist til leiar i Norges Bondelag Bjørn Gimming med ei sterk oppmoding om at han må vere ein tydeleg herførar med eit samla landbruk i ryggen når det kjem til den nye dyrevelferdsmeldinga.