Torsdag 22. mars vert det henting av balleplast og gjødselsekk-plast. Levering til oppsamlingsplass startar på måndag 19. mars og må vera ferdig torsdag 22. mars kl. 11. Transportør kjem å hentar plasten gratis mot at han får plastpanten.

Gjødselsekkane skal skiljast frå balleplasten og vera i eigne sekkar. Dei tar ikkje i mot ballenett og -tau.

I Ølve vert oppsamlingsplass utanfor løa til Tor Kristian Torkhildsen. På Hatlestrand vert oppsamlingsplass på plassen ved Gamleskulen.

Dette er ope for alle bønder på Hatlestrand og i Ølve.

 

Styret Ølve og Hatlestrand  Bondelag, ved Kristoffer Nerhus.