Påverknad i fokus på leiarmøtet
- Det vert interessant å høyre om regiondirektøren i NHO, Jan Atle Stang og distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane Rolf Sanne Gundersen greier å provosere og skape debatt, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at dei er mellom innleiarane på leiarmøtet på Skei den 1. oktober.
Stang og Sanne-Gundersen er utfordra på å seie noko om landbruket sin plass i næringsbiletet og mediebiletet i fylket. - Eg ser fram til å høyre korleis desse to karane vil svare på oppdraget. Ikkje minst er eg spent på om dei greier å provosere fram ein god og open debatt i møtet, held Hilleren fram.
Leiarmøtet vert dette året gjennomført måndag den 1. oktober på Skei Hotell. Omlag 50 deltakarar er venta frå lokallaga til møtet. Frå Norges Bondelag vil styremedlem Einar Frogner og assisterande næringspolitisk sjef Anne Thorine Lundstein delta. Hilleren ser fram til leiarmøtet og vonar på ein god dialog kring arbeidsoppgåvene for lokallaga den komande vinteren.