Påmelding til leiarmøtet er sendt ut
Lokallagsleiarane er kalla inn til leiarmøte 23.-24. november på Thon hotel Jølster i Skei. Vi gleder oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær, og håpar at så mange som mogeleg kan komme
Oppmøte og registrering frå klokka 11, lunsj klokka 11.30 og møtestart klokka 12.30.
Det er leiar i lokallaget som er kalla inn til leiarmøtet. Dersom leiar ikkje kan delta, er det fint om ein annan person i styret kjem. Nye lokallagsleiarar er invitert til å kome kvelden før til middag med fylkesstyre og kurs for nye tillitsvalde torsdag morgon.
Invitasjon med meir informasjon er sendt til lokallaga.