Ølve og Hatlestrand Bondelag held til i Kvinnherad kommune.  Laget har 40 medlemer.  Årsmøtet vart skipa til i Gamleskulen på Hatlestrand

Prioritert tilbod til elevane ved skulen

Bondelaget har har gjort ein god innsats det siste åra der dei har invitert elevane ved skulen med på lembing på våren.   Om hausten har elevane fått vere med når kyrne kalvar.    Slik dei har fått sett ulike driftsformer.  Det har våre ein stor suksess med mange gode attendemeldingar, skriv ei oppglødd Kjersti Hjelmeland i tilbakemeldinga frå møtet.   Det er og vert berre viktigare i tida framover og bevisstgjera born på kvar maten kjem frå og korleis det er i landbruket.  Dei har og spandert på avløysarkurs på ungdommane i byda som ville vera med på det.   Dei har ellers arrangert eit "februarsbord" med god mat og samling for bøndene.  

Uroa for tilgang på veterinærar i distrikta

Dei er uroa for vetrinærordninga i distriket i åra fram over.   Dei ynskjer at det skal kunna vera veterinærar som vel å arbeida med produskjsonsdyr samt at det må vera "økonomisk" gevinst for veterinærar i å delta i ei vaktordning.   Bøndene er heilt avhengige av at det er veterinærar på vakt til ei kvar tid.   Elles var deltakarane i årsmøtet opptekne av korleis ein kan pleie kulturlandskapet og unngå at meir og meir areal gror att.   Diskuterte og fordelar og ulemper med lærlingeordning i landbruket.   Ynskje om auke i avløysartilskot, slik det kan verte økonomi for dei som vel landbruksvikaryrket , og for at bøndene skal kunne betale dei ei god løn.

God stemning i gamleskulen på Hatlestrand

Olve Vangdal gjekk av som leiar, og ny leiar vart Ove Andre Ljostveit. Andre i styret er Tore Gunnar Hjortland, Tore Vikane, Veronica Hellestveit og Are Traavik.