Velkomen til organisasjonskurs

Norges Bondelag er ein slagkraftig organisasjon der dei 520 lokallaga er grunnfjellet i organisasjonen. Styret i Norges Bondelag har difor bestemt at vi skal satse meir på opplæring av tillitsvalde i organisasjonen.

Organisasjonskursa vert arrangert i staden for regionmøta. Lokallaget får 1.000 kr i godtgjersle for kvar tillitsvald som deltek på kurset. Lokallaget må sjølv dekkje reisa.

Som ny tillitsvald i lokallaget er det mange ting å setje seg inn i, både praktisk og politisk. Dei som har vore med ei stund kan få ny inspirasjon og dele si erfaring med andre.

I kurset får du ein introduksjon til verktøya og det praktiske arbeidet i lokallaget. Du får oversikt over arbeidsåret i Norges Bondelag på alle nivå, og ei grunnleggande innføring i bondelaget sitt næringspolitiske arbeid og kommunikasjonsarbeid. Du får òg vite litt om bondelaget sin bakgrunn og historie.

Program for 5-timarskurs

1. Bondelaget som slagkraftig organisasjon.
Den historiske bakgrunnen for Bondelaget, oppbygging av organisasjonen og bondelaget sitt arbeidsfelt.

2. Tillitsvald i lokallaget – kva krevst av deg som tillitsvald og kva får du igjen?

3. Landbrukspolitikk (1)
 Vegen frå studiearbeid til jordbruksoppgjer. Bondelaget sitt arbeid før og under jordbruksforhandlingane.

4. Landbrukspolitikk (2)
 Kva for politiske saker kjem eit lokallag borti i sitt lokalsamfunn og sin kommune?
 Korleis kan lokallaget jobbe for å påverke?

5. Korleis arbeider vi i lokallaget?
 Verktøy for lokallaget
 Kommunikasjonsarbeid
 Styrearbeid og økonomi

Kurset vil gå over 5 timar med ein oppfølgingsdel på 3 timar. Ein person frå fylkesstyret vil delta på eit møte i lokallaget etter avtale og gjennomføre den siste delen av kurset.

Dette er eit viktig kurs, så meld på så mange som mogeleg frå styret.

Påmelding til hordaland@bondelaget.no innan ei veke før arrangementet.

Påmelding til kurset i Bergen innan 10. januar.

Påmelding til kurset i Granvin innan 11. januar.

Påmelding til kurset på Stord innan 12. januar.

Dato

Klokka

Region

Kursleiar

Stad

17. januar

10.30 -15.30

2 og 5

Birte Usland

Thon Hotel Bergen Airport, Kokstad

18. januar

10.30 -15.30

3 og 4

Inger Johanne Sveen / Harald Velsand

Løo, Granvin

19. januar

10.30 -15.30

1

Inger Johanne Sveen / Harald Velsand

Grand Hotel, Stord