Ordføraren i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes, vart overraska då dei lokale bondelaga ringde på døra hennar i dag tidleg. Lokallagsleiar Asgeir Nøttveit informerte ordføraren om at ho måtte gjere bonden sin jobb og ta i eit tak med fjøsstellet hos ein annan lokallagsleiar, Olav Myhr.

Jordbruksforhandlingane endte med brot, og bøndene meiner politikarane må ta ansvar.

Krf-ordføraren tok kidnappinga med godt humør, sjølv om Asgeir ikkje kunne seie kva tid ho ville komme tilbake til kontoret. Hos Olav måtte ho både mjølke og fôre dyra.

Fylkesleiar Frøydis Haugen filma hendinga. Sjå korleis ordføraren reagerte då ho vart kidnappa:

Ordføraren vart intervjua av Nrk Hordaland, der ho fortalte om opplevinga. Du kan også lese om "kidnappinga" i Strilen (abo): Tatt på senga og kjørt rett i fjøsen.
 

Krf-ordføraren har lært å mjølke av Nils T. Bjørke, men det var ei stund sia.

Ordføraren tok fjøsstellet hos Olav Myhr i Eikanger Bondelag.

Koppelammet treng også mat

 

Ikkje ein heilt vanleg dag på kontoret for ordføraren i Lindås kommune.

Frøydis Haugen, Astrid Aarhus Byrknes og Asgeir Nøttveit

Olav Myhr og kona Siv-Merethe fekk hjelp i fjøset

Garden til Olav og Siv-Merethe