Det var mange lokallag som arrangerte open gard denne helga. Radøy Bondelag samarbeida med Hordaland Sau og geit om eit flott arrangement der dei besøkande fekk sjå korleis dyra har det og kor maten kjem frå. Sjølv om vêret ikkje var det beste, var stemning god og parkeringsplassen stappfull.

Det var god plass til å ta ein matpause under tak og høve til å gå inn i fjøset og halde seg tørr. 

Du kan sjå fleire bilde i avisa Nordhordland (betalingsmur).

Alle bilde: Hogne Stramue

Det var mogeleg å halde seg tørr i fjøset

Asgeir Nøttveit sørga for grillmat

Lama var eit av dyra ein kunne sjå på. Her med Maya Greve, leiar i Radøy Bondelag