Open gard med kyraslepp
Meir enn 250 små og store var til stades laurdag då kyrene på Sæleset i Norheimsund starta årets beitesesong.
Anders Sæleset tok sjølv initiativet til open gard med kyraslepp. Arrangementet var eit samarbeid mellom Bondelaget, Nortura og Tine. I tillegg til kyraslepp var det høve til å klappa kalvar, lam og høns og hoppe i høyet. Det var òg mulig for dei minste å gå på eggejakt med tilhøyrande premiar.
Det vart servert gratis pølser, youghurt og sjokomjølk, og to heldige vart trekt ut som vinnarar av kvar sine 6 kg store Norvegia-ostar. Både folk og fe kosa seg i vårsola.
Tekst: Bjørnar Gjerde
Foto: Bjørnar Gjerde, Karluf Håkull og Peder Nernæs