Omsyn til jordvern må utgreiast
- Det er viktig at ein ved opprusting og bygging av vegar tek omsyn til dyrka jord og søkjer å velje løysingar som i størst mogleg grad tek omsyn til dyrka areal, skriv Sogn og Fjordane Bondelag i si fråsegn vedrørande opprurting av E39.
Bondelaget peika i høyringa på at det er feil at jordvern først kjem på dagsporden når det vert utarbeidd kommuneplan og reguleringsplan for E39 sitt nye veganlegg. Bondelaget meiner at jordvern også må kome med i planutgreiinga knytt til konseptvalutgreiinga, ikkje minst med utgangspunkt i at vegvesenet er pålagd å ta omsyn til dette i sitt vegplanarbeid. Bondelaget finn det såleis vanskeleg å ta stilling til traséval i Konseptvalutgreiinga før jordvern er ein del av saksgrunnlaget.
Sogn og Fjordane Bondelag fremja elles følgjande synspunkt for bonde og landbruksnæring i høyringa:
- Landbruksnæringa er ei desentralisert næring, som fram for noko anna næring treng eit desentalisert vegnett over heile fylket, der E39 saman med fylkes- og kommunale vegar må fange opp dette transportbehovet ved val av E39 trasé. Vegen må også serve best mogleg anna nærigsliv i fylket, frå kyst til fjord og innland. Dette med utgangspunktet i at landbruket gjennom si vedikjede, frå råvare på garden til foredla industrivare, har trong for ein best mogleg veg for transport knytt til dette.
- Bøndene og landbruksfamilien har ofte trong for inntekter utanom garden. Det er då viktig at E39 saman med fylkes- og kommunale vegar kan binde saman vegnette i 45 min regionar, for trafikkpendling i yrkessamanheng, i samband med kultur - og fritidsaktivitet og for trasport til offentlege teneste.
- Ein peika også på at E39 må tilretteleggast best mogleg for den kollektive persontransporten, med gode kommunale og fylkeskommunale tilførselsvegar, også her med omsyn til landbruks- og bygdebefolkninga sitt transportbehov. Dette har også utgangspunkt i offentlege retningsliner om auka kollektivtrafikk i ein miljø-og luftureiningssamanheng.