Fylkesleiarane møtest tysdag den 21. mars til fylkesleiarsamling før det viktige Representantskapsmøtet tek til den 22. mars og held fram den 23. mars.  - Eg lovar å stå på og formidle på ein god måte dei 4 viktigaste prioriteringane frå Vestland inn mot årets oppgjer, held Agjeld fram.

I år er det mjølka og grovfôrproduksjonane i distrikta sin tur.   Kring 60 % av jordbruksarealet i Norge er berre eigna til grasproduksjon.  Produksjonane som nyttar desse areala må prioriterast i år, held Agjeld fram på ein tydeleg måte.   Vestland Bondelag vil tydeleggjere desse 4 hovudprioriteringane inn mot jordbruksforhandlingane 2023 i prioritert rekkefølgje:

  1. Sterk styrking av økonomien i mjølkeproduksjonen i heile landet
  2. Sterk styrking av distriktsverkemiddel i alle produksjonar,  for å sikre eit landbruk i heile landet
  3. Verkemiddel med struktur i seg må styrkast.  Struktur må innførast for verkemiddel som i dag ikkje har struktur i seg
  4. Velferdsordningane må få eit vesentleg løft

 

Det siste året med krig i Europa har tydeleggjort for oss kva det vil seie for ein nasjon å ha eigen matvareproduksjon.   Kostnadsvekst i produksjonen og prisvekst i sluttmarknaden kombinert med dårlegare kjøpekraft for mange har prega det siste året.  Vi ser no ei utflating av kostnader og prisvekst, men utryggleik for framtida er framleis dekkande for kvardagen til både matprodusentar og forbrukarar.  

Vestland Bondelag vil peike på følgjande viktige setningar frå Hurdalsplattformen:

  • For å sikre landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk er det naudsynt å auke lønsemda i bruk av jordbruksareala. 
  • Næringsutøvarane i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre grupper.
  • Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.
  • Leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent.

Ved Stortinget si handsaming av Statsbudsjettet for 2022 la Ap, Sp og SV fram følgjande vedtaksforslag for inntektsambisjon: “Stortinget ber regjeringa legge frem en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Inntektsgapet skal tettes uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel.” 

Det å gje yrkesutøvarane i næringa attende trua på ei framtid som matprodusentar ved å løfte inntektene ytterlegare i 2023 er avgjerande!   Å kople dette saman med ein bindande opptrappingsplan for inntekta (3 år att), der ein held fram med å tette 35 % av inntektsgapet ved årets oppgjer, er naudsynt om måla om eit landbruk i heile landet, auka sjølvforsyning og betre beredskap skal kunne nåast.  Med prisvekst og dårlegare kjøpekraft for mange forbrukarar, meiner vi at ein forsterka bruk av budsjettmidlar vil vere avgjerande i 2023.

- Eg kjenner på spenninga inn mot møtet, men eg er trygg på dei prioriteringane Vestland Bondelag har gjort, og eg vil gjere mitt beste for å tydeleggjere desse avsluttar Agjeld.

Leiar i Vestland Bondelag Gry Ingvild Agjeld er klar for sitt første Representantskapsmøte som leiar i Vestland Bondelag.