Hordaland Bondelag vert ofte kontakta av medlemer og lokallag om saker der dyrka mark står i fare for å verte nytta til andre føremål. Mange lokallag gjer ein stor innsats i lokalt planarbeid, men det er eit vanskeleg tema og mykje å sette seg inn i. Norges Bondelag og Hordaland Bondelag arrangerte difor eit kurs, etter ønske frå fleire av lokallaga.

Advokatfullmektig Kristin Bjerkestrand Eid losa deltakarane gjennom Plan og bygningslova og planprosessar, medan seniorrådgjevar Toril Wikesland snakka om den nye rettleiaren for jordvern og arealplanlegging frå Norges Bondelag. Njål Gunnar Slettebø frå Bømlo kommune hadde eit nyttig innlegg om sakshandsaming i kommunen.

UJostein Hellestveitndervegs i kurset var det fleire innlegg om korleis ein kan delta i planprosessen. Lars Inge Vik frå Fusa Bondelag fortalde om lokallaget sin erfaring med kommuneplan, medan Jostein Hellestveit, bonde og tidlegare kommunepolitikar, fortalde om ein kommunedelplan frå Lindås.

Jan Sigve S. Robbestad frå Jordvernforeininga i Bømlo snakka om utfordringar i ein kommune med mykje vegbygging og omdisponering av landbruksareal.

Deltakarane lærte kor viktig det er at landbruksinteressane kjem tidleg inn i prosessen. Vi bør kome med innspel før planane kjem på høyring. Følg med på kommunen sine nettstader og i avisa og send innspel til planprogrammet, som er ein plan for planlegginga.

Det kan vere nyttig å kontakte andre lokallag for å få tips. Kontak også fylkeslaget dersom de treng hjelp.

Ullensvang Hagebrukslag sendte nyleg inn ein merknad til ein reguleringplan i kommunen. I merknaden skriv dei mellom anna at jordvern handlar om haldningar. "Matjord er ein knapp ressurs som ikkje kan fornyast. Å sikre matproduksjon for framtida er eit minst like viktig samfunnsomsyn som bustad, forretnings- og vegutbygging". Dei hadde også nokre nyttige tips til potitikarane:

Me tilrår politikarane følgjande:

•Sikra at matjord vert brukt til matproduksjon.
•Ikkje lat jordvernet vika i arealplansaker. Jordvern er nasjonal mattrygging til dagens og komande generasjonar.
•Pass på at det som er avsett til matproduksjon ikkje vert omdisponert til andre føremål som veg eller bustad.
•Få jordvern tidleg inn i prosessen når kommune-og reguleringsplanar vert utarbeidde.
•Vurder andre stader å byggja, det finst som regel eit alternativ. Tenk alternativ når det gjeld plassering av vegar, bustader og annan utbygging.
•Bygg kunnskap om kor viktig matproduksjonen er i Ullensvang.

Her kan du laste ned eller bestille Norges Bondelag sin rettleiar for jordvern og arealplanlegging.

Nyttige rettleiarar frå regjeringen.no: Kommuneplanens arealdel. Reguleringsplan.

Plan og bygningslova finn du på lovdata.no.

Link til Jordvernforeningene i Norge.

Fylkesleiar Frøydis Haugen dete ut lokalmat til innleiarane. Her med Lars Inge Vik.

Toril Wikesland, Kristin B. Eid og leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen