Geir StøfringDeltakarane møtte andre bønder med same produksjon, diskutert drift og klimatiltak og fekk logga inn i klimakalkulatoren og laga ein klimahandlingsplan. Kostnaden for planen får dei dekka gjennom RMP-tilskot. Rådgjevarane Helena Elvatun og Åsmund Seljeset frå NLR Vest og Jan Asle Torstad frå Tine snakka om klimatiltak og rettleia deltakarane gjennom eigen klimasmart drift og klimahandlingsplan.

Jan-Øystein Aksnes frå Agrilogg viste korleis loggføring og rapportering kan verte eklare og HMS-rådgjevar Kolbjørn Taklo frå NLR Vest tok opp temaet klimaskam i landbruket.

Spydspissbonde Geir Støfring heldt eit flott innlegg om klimasmart og berekraftig landbruk og viste bilde og eksempel frå eigen gard. Det er ikkje alltid lett å drive effektivt når hjorten skal ha sin del av avlinga! Geir viste også korleis han hadde logga inn i klimakalkulatoren og kva han gjer med tala.

Utanom fastsett program var det sosialt samvær, bading i bassenget, shopping og mykje god mat. Arrangementet var vellukka, og vi vil setje det opp på nytt i ein annan del av fylket.

Samlinga vart støtta av midlar frå Statsforvaltaren i Vestland.

Deltakarane diskuterer berekraft

Kloimahandlingsplan under arbeid