Dei nye verkemidlane er ein del av Vestland sitt Regionale miljøprogram i jordbruket (RMP).  Dei er komne inn i samband med rulleringa av programmet.  alle tiltak frå 2022 er vidareført, men nokon er endra.  I tillegg er det altså kome inn 4 nye tiltak.  To innan beitebruk og to innan grønsakproduksjon.   Det nye RMP programmet er gjeldande for perioden 2023-2026. 

Klimavenleg beiting i utmarka

Sauen si beiting i utmarka er viktig for å oppretthalde ope landskap og opne stiar, og beitinga er positiv for det biologiske mangfaldet. Beiting i utmark er og klimavenleg ved at den produserer mat på areal som elles ikkje kunne vore nytta til matproduksjon, i tillegg til at beiting over tregrensa vil auke albedo-effekten (reflektering av sollyset) og såleis bidra til mindre oppvarming. Dei høgareliggande beita er dei mest verdifulle utmarksbeita med omsyn til beitekvalitet, dyrevelferd og klimavenleg beiting.

Det nye utmarksbeitetilskotet gjeld sau over eitt år som beiter minst 5 veker på utmarksbeite, der hovudbeiteområdet for sauen ligg minst 600 meter over havet. Vidare må føretaket vere medlem i eit beitelag for å kunne søke. Tiltaket er avgrensa til 100 sauer per føretak, og førebels sats er sett til kr 25 per sau. I søknadsskjemaet heiter tiltaket Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark.

Skjøtselsbeiting med ammegeit og kje skal hindra attgroing av innmarka

Gjennom Regionale miljøtilskot vert det og innført nytt tilskot for styrt skjøtselsbeiting av ugjødsla innmarksbeite som har vore ekstensivt drive eller som har vore ute av drift. Tiltaket gjeld ammegeit, kje, bukkar og kastrererte bukkar som beiter minst 5 veker på inngjerda/avgrensa innmarksbeite som ikkje vert slått, beitepussa eller gjødsla. Skjøtselsbeitinga skal gjennomførast med høveleg beitetrykk utan støttefôring, og beitinga skal vere styrt. Det vil sei at dyra skal gjere ein reell ryddejobb i beitet, og dyra skal vere avgrensa av gjerde (nettinggjerde, mobilt eller permanent elektrisk gjerde, eller virtuelt gjerde som til dømes Nofence) og/eller terrenget.

Tiltaket skal medverke til å hindre at innmarksbeite gror til og blir til skog, slik at ein opprettheld dyrka mark, ope landskap, matproduserande areal og biologisk mangfald. Førebels tilskots-sats er sett til 350 kr/dyr. I søknadsskjemaet heiter tiltaket Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark.

Nye tiltak innan potet- og grønsaksproduksjon

Det vert og innført nye tilskot innan potet- og grønsaksproduksjon. Dette gjeld fangvekstar sådd straks etter hausting av tidlegkulturar av potet, rotvekstar og grønsaker. Fangvekstar reduserer jorderosjon og tap av næringsstoff. Dei aukar det organiske innhaldet i jorda, bind karbon og er dermed òg eit klimatiltak. Det vert og innført nytt tilskot til bekjemping av ugras (mekanisk eller flamming) i radkulturar. Målet med tiltaket er å stimulere til nedkjemping av ugras utan bruk av kjemikaliar.

Du finn alt om det Regionale Miljøprogrammet på Statsforvalteren i Vestland sine sider

Søknadsfristen er 15.10. og du søkjer via Altinn.  Treng du hjelp eller rettleiing så kontaktar du kommunen