Årsmøtet i Eksingedalen/Vaksdal bondelag, "landbruksnorge i miniatyr" vart avholdt 23 oktober på Fagertun i Eksingedalen. Det var over 20 medlemmer som møtte, og lokalproduserte potekaker og jordbærgele frå Bergsdalen gjorde at stemninga holdt seg god. Oddbjørn Bratthole deltok frå fylkeslaget.

Ordførar i Vaksdal kommune, Hege Eide Vik, tok del på møtet under temasak "Kva farer som lurer for landbruksnæringa i Vaksdal kommune" og "Kva kan næringa sjølv gjere for å gjere det attraktivt å være bonde i Vaksdal kommune".

- Det var god ordveksling og mange svært interessante og gode innlegg frå både røynde og ferske bønder, sier avtroppande leiar Lars Bjarte Nesheim.  - Me vonar ordføraren frå senterpartiet noterte flittig og tar med seg nokre gode poeng inn mot lokalpolitikken og ein framtidsretta jordbruksavtale der senterpartiet har ministeren, og at begge desse instansane gjer sitt til at Vaksdal kommune har landbruksnæring i framtida!

Dan Børge Høvik vart vald som ny leiar. Lars Bjarte Nesheim vart takka av som leiar, men held fram i styret.

I Sveio Bondelag deltok Kjersti Hjelmeland frå fylkeslaget. Dei er eit aktivt lag, og har hatt fleire sosiale arrangement gjennom året. Dei har også hatt Open Gard hos familien Blytt på Einstadbøvoll gard. Det har dei hatt så mange gonger at Andres Blytt vart heidra med blomster og sjokolade på årsmøtet. Steiar Vikse held fram som leiar.

- Det var gode diskusjonar kring utfordringar me stor ovenfor i næringa, seier Kjersti. 

Andres Blytt og leiar Steinar Vikse