For fem år sidan var det liten aktivitet i Uskedalen Bondelag, og fylkeslaget foreslo samanslåing med Omvikdalen Bondelag. Det meinte bøndene i Uskedalen var ein dårleg løysing. Dei danna nytt styre med Olav som leiar, og aktiviteten skaut i veret.

No arrangerar dei sosiale aktivitetar som Aktivitetsdag for bygda og engasjerar seg sterkt i landbrukspolitikken lokalt og regionalt. Eit døme er det politiske møtet om jordvern i fjor. Svein Guldal frå Norges Bondelag snakka om jordvern lokalt i Kvinnherad, knytt opp til utfordringane klimaendringa vil gi i framtida. 

Etter at aktiviteten tok seg opp, meldte bygdefolket seg inn i bondelaget for ikkje å gå glipp av noko. I 2011 vart Uskedalen årets lokallag i Hordaland, og nådde opp blant dei tre beste på landsbasis.

Den nye leiaren, Hans Reidar Kjærland, seier at ein  av den nye leiingas viktigaste og første oppgåver vert å lage ein framtidsplan for landbruket i bygda. Du kan lese meir om møtet på uskedalen.no.

Det er også valt nye leiarar i Etne Bondelag (Torbjørn Grønstad), i Eikanger Bondelag (Olav Myhr) og i Bømlo Bondelag (Runar Aga).

Årsmøtet i går. Kjetil Mehl var utsending frå fylkeslaget og Hans Jakob Berge frå Tveit Regnskap var årets føredragshaldar

Kuskitbingo i Uskedalen

Årets lokallag 2011. Clara Hveem gratulerar Olav Hjetland Bringedal.

Julegraut i Uskedalen Bondelag