KAKE:Avtroppande og påtroppande leiar med jubileumskake.

 

Årsmøte var i Fjellvarden ungdomshus på Fjelli, og 23 personar kom.  Leiar yngste velkomen til møte,og første post på programmet var mat. På menyen sto lammesteik m/tilbehør. I tillegg vart det servert  karamellpudding til dessert.

Leiar gjekk igjenom årsmelding og rekneskap. Det vart godkjent.  

Gjennom året har laget mellom anna arrangert bondekafe, samla inn landbruksplast, sendt høyringsuttalelse til Stryn kommune og delteke på møter i regi av fylkeslaget. 

 

Feira med kake 

JUBILEUMSKAKE: Laget har 25-års jubileum i år. I 1998 slo Blakkset ,Hoppland og Fjelli seg saman, og vart Nordsida Bondelag. 

 

VAL

FRÅ VENSTRE: 3.vara Edvard Tinnereim, Oddvar Bergset, leiar Marianne Roset, Ivar Bergset og Kjell Ove Bergset.

 

Leiar: Marianne Roset

Nestleiar: Kjell Ove Bergset

Sekretær: Ivar Bergset  

Kasserar: Oddvar Bergset

Styremedlem: Jon Rune Haimlid 

1. vara: Henning Løkkebø

2. vara: Liv Flore

3. vara: Edvard Tvinnereim.

 

Valnemda består av Nils Helge Sølvberg, Per Erik Ulvedal og Alfred Tytingvåg.

 

Frå Vestland Bondelag kom Nils Magne Gjengedal, han fortel at det var eit kjekt møte.