Fylkeslaget har i denne innspelsrunden frist til 16. august med å sende sine innspel til Norges Bondelag sentralt.  Fylkeslaget har utfordra lokallaga til å kome med sine innspel til fylkeslaget innan 6. august.  - Vi er svært klar over at dette ikkje er optimalt tidspunkt, men det er no innspelsrunden går så vi gjer det vi kan for å få inn gode innspel, seier fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld.   Dette er ei svært viktig sak for alle med husdyr, kjæledyr og oppdrettsfisk også.  Dyrvelferdsmeldinga skal omhandle både husdyr, kjæledyr og fisk. 

Fagwebinar - tilgjengeleg for medlemer på MIN SIDE

Den 22. juni arrangerte Norges Bondelag fagseminar på tema.  Opptak av fagwebinar om dyrevelferdsmeldinga er tilgjengelig for medlemer i Bondelaget på MIN SIDE i løpet av 23. juni.

Innhaldet i videoen er lista under.

  • Innleiing (Bondelaget)
  • Svin (Animalia)
  • Fjørfe (Animalia)
  • Storfe (Animalia)
  • Sau (Animalia)
  • Transport og slakt (Animalia)
  • Forbrukarkommunikasjon og -preferansar (Matprat)
  • EU sitt dyrevelferdsarbeid (Bondelaget)

I desse innlegga er det mykje god kunnskap og hjelp til å sette spørsmåla i perspektiv.

Du finn også informasjon om denne innspelsrunda på Landbruks- og Matdepartementet si side

I EU er det også stor merksemd på dyrevelferdsområdet. Dette er ein del av EU sin F2F-strategi (Farm to Fork), som igjen er ein del av EU sin grøne giv (Green Deal).  EU sin vitenskapskomite EFSA har no i vinter levert kunnskapsrapportar om fleire produksjonsdyrarter. Dette er med å danne det faglege grunnlaget når EU reviderer sitt regelverk på dyrevelferdsområdet, og kan dermed få betydning for regelverksutviklinga i Norge.