Nokre ledige plassar på tur til Romania
Leiarmøtet i Hordaland Bondelag drar i år på tur til Romania 2-6. oktober. Det er ein studietur med både gardsbesøk og sightseeing. Det har vorte nokre ledige plassar for medlemer - men du må melde deg på no!
Kvart år samlast leiarane i lokallaga til møte der dei diskuterar viktige saker for landbruket og bondelaget. Av og til drar vi på tur for å sjå landbruk i andre land. Denne gongen er det Romania, med spennande gardsbesøk og sightseeing.
Etter at lokallaga har meldt på sine deltakarar, er det nokre ledige plassar. Styret i Hordaland Bondelag ønskjer å tilby plassane til medlemer, eventuelt med følgje. Prisen er 10 000 kr per person. Det inkluderar reise, opphald og guida gardsbesøk og sightseeing, som du kan lese om i programmet. Vi har med oss guide frå Norge, i tillegg til ein lokal guide med landbruksbakgrunn.
Det er mogeleg å tinge enkeltrom (kr 1380), men det er ikkje nok enkeltrom til alle.
Meld deg på til hordaland@bondelaget.no eller tlf 55 91 88 80. Vi må sende listene til flyselskapet på måndag morgon, så det vert diverre kort varsel.