Årsmøtet i Norges Bondelag vert gjennomført på Lillestrøm i dag og i morgon.   Lenke til sakspapira finn du her.   Det var i generaldebatten etter leiar si tale at Gry Ingvild kom med sin bodskap til årsmøtet.

Satsing på investeringsverkemiddel er bra

Ho starta med å rose satsinga på investeringsverkemidlane i lausdriftsfjøs i jordbruksavtalen.  - På veg hit i går snakka eg med ei som er ung komande bonde frå Sunnfjord. No ser ho lyst på det, med desse vilkåra er det mogleg å bygge lausdriftsfjøset ho drøymer om.  Det gjer meg så glad, at ho har trua, MEN ho er framleis uroa for om det blir inntekt nok til å leve av garden. Vi har ikkje klart å fjerne tvilen heilt.   Og det er framleis 580 fjøs utan lausdrift i Vestland, sa fylkesleiaren innleiingsvis.

Ikkje lukkast i å fjerne tvilen heilt - kjenner på alvoret i Vestland

Dette innlegget handlar eigentleg om totalberedskap. Mens vi snakkar om totalberedskap og auka sjølvforsyning flytter mjølkekua frå Vestland. Eg står her og er bekymra for ei heil næring med oppegåande og omstillingsvillige bønder, der 40 prosent av dei ikkje ser korleis dei har ei framtid på eigen gard. Totalberedskapskommisjonen slo fast: No er det alvor!

Og det alvoret kjenner vi i Vestland veldig godt. Vi er der det skjer.  Det er færre kyr, det er lys i færre fjøs, innmarksbeitene går ut av drift, utmarka gror igjen.  Ikkje alt på ein gong, men smått om senn. Mjølkeproduksjonen sentraliserast inn til dei beste områda, vekk frå kysten og dei brattaste bygdene, og inn til dei beste jordbruksområda.  Heile grender blir utan mjølkeproduksjon, utan berebjelke.  Kva skjer med matproduksjonen, med busetting, med bygdelivet og med beredskap dersom vi ikkje klarer å bremse denne utviklinga?

Som land må vi da ta innover oss at då taper vi grunnberedskap i ei tid der vi bør ruste oss for ei usikker framtid. Totalberedskapskommisjonen peikar på at vi treng vesentlege forbetringar i korleis vi innretter vårt beredsskaps- og krisehandteringsarbeid.  Forbetringa må starte med befolkningen og grunnberedskapen.

 

Totalberedskapskommisjonen (NOU 2023:17) slår og fast at vi snarast må sette i gong arbeid med å auke norsk sjølvforsyning.  Det gjer vi ikkje med å flytte husdyrproduksjonen ut av distrikta. Det gjer vi med å ta grep som gjer at mjølkeproduksjon er ei lønnsom næring, også for dei med størst driftsvanskar, dei som får stordriftsulemper og ikkje motsett etter utbygging.  Gryttenrapporten viste oss at bonden i Vestland tener 100 000 mindre enn nestemann på lista.  Det skapar ikkje framtidstru!

Det er kort tid til 2034.  Er dei låge inntektsmoglegheitene grunnen til at det vert bygde få fjøs i Vestland.  Med mjølkeproduksjonen i spel, står volumproduksjonen i spel og med det industrien og verdiskaping knytt til matproduksjonen.  Det gir eit dystert framtidsbilete for matproduksjonen i Vestland.

Klimaendringane er ei saktegåande krise og ei global utfordring som gradvis utset samfunnet vårt for press. I Vestland er vi ikkje redde for å seie at vi skal vera med å auke produksjonen av grønt, frukt og bær, dette vil vi vera med på, men om vi doblar arealet vårt med matvekster, står vi igjen med 96 prosent grasareal. Gras er det berre drøvtyggarar som kan nyttegjere seg av, avslutta ein svært tydeleg fylkesleiar

 

Desse deltek som utsendingar på årsmøtet i Norges Bondelag 2023 frå Vestland

  • Gry Ingvild Agjeld
  • Marianne Nordhus
  • Guro Stuve
  • Olav Myhr
  • Kari Sigrun Lysne
  • Knut Tore Nes Hjelle
  • Oddbjørn Bratthole
  • Aud Slettehaug
  • Gjertrud Svartveit Osmundsen
  • Nils Magne Gjengedal
  • Rolf Olav Gjørven
  • Eivind Myrdal
  • Asgeir Nøttveit
  • Lars Peter Taule