Motiverer for eit tryggare liv på garden
- Det er eit viktig tema som verte sett på dagsorden i Gaular, seier lokallagsleiar Arne Mo i Gaular Bondelag som ønskjer bønder velkomne til markdag hos bonde John Søgnen den 26. november. På markdagen vert det sett fokus på eit tryggare arbeidsmiljø på garden.
Arrangementet på Sande er ein del av det landsdekkande prosjektet "Tryggheit og helse i landbruket" og er det 12 i rekka av kampanjeretta arrrangement i vårt fylke i haust. Tema som vert tekne opp på samlinga som startar klokka 12:00 på garden til John Søgnen er:
- Sjå kor fort det kan gå gale når ein usikra aksling med 540 omdreiningar pr min tar tak i kjeledressen!
- Sjå korleis vernebuksa og personleg vern reddar liv i skogen!
- Få tips for å verne deg mot støv i landbruket.
- Korleis arbeide tryggare med store husdyr?
- Hugs at alle gode ting er tre! Kor tid gjekk du sist ei vernerunde i ditt arbeidsmiljø? Kva blir dine tre viktigaste HMS tiltak framover?
Arrangement som inngår i kampanjen er markdagar på tunet hos bønder, som lokale bondelag er tilskipar av, og tema knytt til produsentlagsmøta i Tine og Nortura. Landbrukset HMS- teneste tilrettelegg det faglege innhaldet i kampanjen. Målet er at ein innan prosjektet sitt utløp, i 2013, skal ha gjennomført eit fulldekkande kampanjeopplegg i fylket..
For nærmare informasjon om markdagen på Sande klikk her.