Bakgrunnen for nedskaleringa er at frå 2021 får ein ikkje lenger eksportstøtte for Jarlsbergost. Vidare ser ein at dei neste 10 åra vil det verte ein nedgang i mjølkemarkedet, folk drikk mindre mjølk. Norges Bondelag har kome med ulike forslag til korleis ein kan redusera kvotane, og vil gjerne ha innspel frå lokallaga.

Diverre er det  produsentane som må ta kostnaden for reduksjonen. Tapet kan verta alt i frå 50.000 til 536.000 per årsverk alt etter bruksstorleik.

Radøy Bondelag ynskjer å senda innspel, og har invitert Frøydis Haugen frå Norges Bondelag til å fortelje om prosessen og tankar om nedskaleringa. Møtet skal vere tysdag 6.8 kl 20.00 på Smith's møte- og selskapslokale.

Aktuelle problemstillingar er mellom anna:

  • Mjølkemarkedet framover? Kor mykje volum må ein nedskalera?
  • Kor mykje av nedskaleringa må ein ta med forholdstal? 
  • Kor mykje av nedskaleringa må ein ta med utkjøpsordning?
  • Kor stor bør den statlege andelen vera ved ein utkjøpsordning?
  • Kor høg pris bør ein setja ved ein utkjøpsordning?
  • Skal ein ha differensierte statlege utkjøpsprisar mellom kvoteregionane?
  • Skal ein setje tak for kor store volum som kan selgjast i kvar kvoteregion?

Vonar mange vil koma å gje innspel, det kan verta store økonomiske konsekvensar for mange. 

Helsing Radøy Bondelag