Produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet førebur ny sesong.   Mykje tyder på at denne sesongen også vil verte prega av koronasituasjonen.   -  Vi ynskjer å få tilbakemeldinga frå næringa på kva de tenkjer og korleis de vurderer komande sesong, seier fylkesleiar Anders Felde.  Samstundes ynskjer vi å kome med informasjon om arbeidskraftsituasjonen og diskutere moglegheitene for både norsk og utanlandsk arbeidskraft denne sesongen.  

Vestland Bondelag inviterer difor medlemer, representantar for mottak av frukt, bær og grønsaker og offentlege styresmakter til digitalt møte måndag 22. mars klokka 19:30-21:30

Program for det digitale kveldsmøtet 

 

Påmelding

Påmelding kan du gjere HER

(Ikkje heng deg opp i språk på side 1 i påmeldinga - systemfeil frå programvareleverandør :) )

Siste frist for påmelding er måndag 22. mars klokka 08:00.