Miljøfond for stønad til fiske og andre tiltak for rømt oppdrettsfisk
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, har etablert eit fond for stønad til fanging av rømt oppdrettsfisk i vassdrag. Fondet er etablert for å stimulere til ei meir kunnskapsbasert og miljømessig bærekraftig oppdretttsnæring. Noko av formålet med fondet er å styrkje grunnlaget for villaksen i vassdrag, der til dømes fiskerettshavarar kan søkje fondet om stønad til oppfisking av rømt oppdrettsfisk og andre tiltak knytt til dette for å styrkje villaksen sitt livsgrunnlag.
Med utgangspunkt i at fondet er retta inn mot at fiskerettshavarar, knytt til elveeigarlag og jakt - og fiskelag, ønskjer fylkesmannen at ordninga skal bli betre kjent og meir nytta i høve dette.
Fondet er skaffa fram ved at oppdrettesselskap overfører pengar til miljøfondet. Alle som har eit formål om å verne ville fiskestammar i vassdrag kan søke stønad i fondet til forvaltningstiltak.
I vedlagt brev frå fylkeskommunen, ligg det ved dokumentasjon på at det på landsplan vart løyvd midlar frå miljøfondet til 8 tiltak i 2011, med ein samla tilskotsssum på kr. 2.972.625,- For Sogn og Fjordane galdt dette for eit tiltak i Årøyelva i Sogndal, med kr. 70.000,.- i stønad.
Viser vidare til vedlagt link frå fylkeskommunen, med nærmare informasjon om miljøfondet og søknadsadresse. Søknadsfrist 1.april