I dag slit både Hordaland og andre fylke som Buskerud, Telemark og Troms med å halde oppe mjølkeproduksjonen. Ei overføring av mjølkekvoter frå desse fylka til sentrale område, vil  forsterke den negative utviklinga drastisk. Mjølka vil flyte raskt ut av fylket vårt, og bønder må legge ned drifta.

I dagens VG kan du lese om Listhaug sine planar, som etter Norges Bondelag sin meining vil svekke norsk sjølvforsyning og gjere norsk matproduksjon meir sårbar for den internasjonale forsyningssituasjonen.

I dag er det 9500 mjølkeprodusentar i Noreg. Listhaug er oppteken av vilkåra for 2% av desse i utspillet sitt.

-  Dersom ho verkeleg ønskjer å styrke norsk matproduksjon, må ho tenkje like mykje på rammevilkåra for dei øvrige 98%. Når ministeren vil at bonden skal bestemme meir, så må ho lytte til det store fleirtalet og ikkje bare 2% av produsentane, seier Nils T. Bjørke.

Les meir på bondelaget.no

Mjølking