Statistikk frå søknad om produksjonstillegg syner at det skjer ei sentralisering av areal brukt til grøntproduksjonen til nokon få fylke på stadig færre einingar.   Samstundes er det vanskeleg for nye produsentar å få tilgang til marknaden.

Trong for meir politikk og marknadsadgang

-Det må verta mogleg med vekst i grøntproduksjonane også utanfor sentrale austlandsområde.  Då trengst det meir politikk og ikkje mindre politikk slik vi har sett innan grøntsektoren i dei to siste jordbruksoppgjera.

Bondelaget må vera viljug til å prioritere verkemidlane sterkare geografisk mot Vestlandet, Midt-Norge og Nord-Norge.   Me må også vere viljuge til å prioritere struktur og dei mindre og mellomstore produsentane sterkare.   Med dagens politikk syner karta på skjermen kva sentralisering av grøntproduksjonane som skjer.   Me er i ferd med å få at mest all produksjon samla i nokon få fylke og på få hender.

Kva beredskap, berekraft og framtid ligg det i å sentralisere det meste av norsk grøntproduksjon til få einingar i få fylke?  Me vil slå eit slag for produsenteigde pakkeri som nøkkel til å kunne auke produksjonen i distrikta saman med meir politikk,  avslutta Lysne