Mattryggleiken er grunnmuren i eit stabilt samfunn
- Det har den siste veka kome omfattande rapportar med mykje god kunnskap, men med med ulike konsekvensar for norsk matproduksjon og matberedskap, sa Marianne Nordhus frå talarstolen i representantskapen til Norges Bondelag.
- Det komme nå stadig rapportar som vil påvirke landbruket på ulikt vis, seier nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus. I tillegg er arbeidet med dei nordiske ernæringsanbefalingene i sluttfasen, og snart kjem ei ny Stortingsmelding om klimatilpasning.
Miljødirektoratet har komt med sin rapport Klimatiltak i Norge mot 2030. Der står det blant anna at reduksjon i forbruk av rødt kjøt i tråd med nasjonale kostholdsråd vil medføra at 1,6 millionar dekar norsk jordbruksjord vil gå ut av produksjon, sett i høve til areal 2021. Dette er etter at auka areal til matvekster som følge av redusert kjøtforbruk er rekna med. Det bekymre oss i Vestland.
Totalforsvarskommisjonen har lagt fram sin rapport; Nå er det alvor. Kommisjonen anbefaler mellom anna: «Å umiddelbart legge planer for auka sjølvforsyningsgrad basert på norske råvarer». Dei peikar og på at: «…Husdyrhold, og då spesielt melkeproduksjon, er bærebjelken i norsk jordbruk. Dette skyldes at over to tredjedelar av jordbruksarealet brukast til dyrking av gras og andre fôrvekster. Bare husdyr kan ete gras…»
Ferskvatn og mat gir stabilitet i eit samfunn. Med eit klima i endring, utfordring med avlingar og krig på eige kontinent. MÅ me ta ansvar, og jobbe for at me har forsikringane i orden. Storkonflikt og krig er dessverre meir sannsynleg framover -enn djup fred.
Me må jobbe for at kunnskap når fleire. At dei nye kosthaldsråda ikkje blir etablert som føreslått. At matjord ikkje vert bygd ned under ei klimafane. Jordbruksareal i heile landet MÅ haldast og brukast – DET er beredskap og ei forsikring for oss alle.
Vårt fokus må vere størst på å løfte totalforsvarskommisjonen sin rapport, Nå er det alvor. Me i landbruket har eit medansvar, i å sørge for at me bygger beredskapen, det arbeidet startar med oss, det arbeidet startar i jorda, avslutta Nordhus.