Om lag 120 delegater var samla i Bergen, der dei vedtok ein resolusjon om norsk landbruk:

Mat på bordet, dyr på jordet

Ordningane i norsk landbruk kan ikkje skiftast ut før ein har alternative avtalar og ordningar som sikrar at me har mat på bordet og bønder som driv jordbruket også i framtida.

Dei ordningane me har i dag er utarbeidde og framforhandla over lang tid med tanke på matproduksjon og jordvern. Om ein endrar desse, stykkevis og delt, utan å ha auge for heilskapen, står ein i fare for å gjera endringar som det ikkje er råd å snu. Hordaland KrF vil peika på alvoret som kviler på regjeringa i desse spørsmåla.

Med sterk folkevekst og stadig meir ustabilt klima, må vi ta ansvar for at matvareberedskap og tilgang til nok og trygg mat er viktig for den nasjonale beredskapen. Hordaland KrF støtter målet om auka matproduksjon og dette må vere tema for jordbruksavtalen som no ligg framfor, då vi treng eit aktivt landbruk med både fornying og innovasjon i næringa.

Illustrasjonsfoto: Filip Rygg og Aslaug Hellesøy på gardsbesøk i 2009