Markens grøde vert arrangert kvar haust, seier leiar i Fusa Bondelag, Lars Inge Vik. - Det skjer då ein heil masse; veramønstring, hestaskokasting, hestaridning og stands. Det er sal av både lokalprodusert og ikkje fullt så lokalprodusert mat. Dei besøkande kunne kjøpe mellom anna lokalprodusert brødbakst, syltetøy,saft, honning, sjokolade, ost og pølsa. 

Det var masse folk, og Fusa Bondelag fekk vist seg godt fram. - Småkalvane var svært populært for dei aller minste, seier Lars Inge. - Me delte også ut mykje artig matriell. Nortura Capsen forsvann i ein fei, og  fagbøker om husdyr og "matboka mi" for dei i skulealder forsvann også ganske raskt. Kortstokk med motiv av gårdsdyr var noko nytt og spennande, og sprelle-høner, -kyr og -gris for dei aller minste var også populært.

Fusa Bondelag serverte også råmjelkslappar steikte på bålpanne og smaksprøvar av youghurt frå TINE.

Lars Inge Vik med gode hjelparar på standen

Bålpanne med råmjelkslappar

Småjenter og småkalvar