Victor Norman er professor emeritus ved Norges Handelshøyskole og sat som leiar i Distriktsdemografiutvalet som presenterte sin rapport like før jul 2020. 

Norman innleia med å gje bøndene skryt for den enrome produktivitetsveksten norsk landbruk har hatt.  Ein produktivitetsvekst som på ein måte har vore med på å avfolke bygdene.  Eit stabilt folketal på bygda er ikkje bra, for det skuldast at dei som bur der er så gamle at dei ikkje flyttar på seg.  Eldrebølgja kjem i heile landet, men sterkast i distrikta.  Konsekvensen vert at distrikta ikkje vil vere i stand til å reprodusere seg sjølv og vil trenge tilflytting for å oppretthalde folketal og tenester.

Distriktsutviklinga snudd på hovudet

Frå ein situasjon med store fødselsoverskot på bygdene der mange flytta til byane og bygde opp næringslivet der har vi ein situasjon utan ungdomsoverskot att.  Det vert rett og slett fødd for få barn.   Det gjeld heile Norge, men det slår sterkast ut i distrikta.  - Vi må snu flyttestraumen skal vi kunne hindre at bygdene litt populistisk sagt først vert omsorgsbustader og så gravplass, sa Norman. 

Viktor Norman har sjølv kort veg til landbruksareala i utkanten av Bergen 

Nytt liv i små samfunn som gjer at folk vågar å flytte dit

Aldring er ei nasjonal utfordring.  Tongen for helsetenester vil vekse i heile Norge i ein situasjon der vi har stor knappheit på arbeidskraft.  Klarar vi ikkje løyse dette vert distrikta taparane.  Vi kan ikkje løyse helse/pleieutfordringane lokalt om vi ikkje klarar å løyse det nasjonalt

Det er ikkje mangel på arbeid i distrikta.  Det er mangel på unge kvinner.  Utfordringa er å få unge kvinner frå byane til å flytte til distrikta og prøve jobb i distriktet.  Det er ikkje lett, for det er ingen tragedie og bu sentralt i Norge og Victor Norman har ikkje tru på at  vi kan lokke folk til distrikta med ein god kopi av byane.  Det må vere noko anna der ein dyrkar særpreget i ein region.  Han nemnde visjonen til Stadt kommune som døme: Verdens beste vesle stad 

Det er ein riskosport å flytte frå by til liten stad. Dagens ungdom skiftar jobb ofte, så korleis dei vidare moglegheitene for å utvikle eigen karriere er, vil vere viktig.  Det handlar om å utvikle vel fungerande større bu og arbeidsområde, tilfredsstille trongen for eit sosialt liv og ha tilbod om ulike bustadalternativ.  Dagens politikk er også for sektoriell.  Det er vanskeleg å fokusere på heilskapen.  Norman har tru på å gje kommunane større handlefridom og ansvar.

Her finn du plansjane til innlegget som Victor Norman hadde for årsmøtet i Vestland Bondelag