Ørjan Sælensminde, Rasmus Haugen Sandvik, Erik Joner og Kjetil Mehl. Synnøve Kvamme er møteleiarNaturvernforbundet Hordaland arrangerer "Naturlig onsdag" kvar månad. Denne gongen var temaet "Må matjorda ofrast for byutviklinga?" og leiar i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl, var ein av innleiarane. Du kan sjå video frå møtet lenger ned i saka.

Matjorda er i praksis ikkje ein fornybar ressurs, men politikarane omdisponerer fleire tusen mål dyrkbar og dyrka mark kvart år. I den nasjonale jordvernstrategien frå 2015 fastsette Stortinget at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar. Målet skal nåast gradvis innan 2020.

I presentasjonen av debattmøtet, skriv Naturvernforbundet: "Bergen bystyre har vedtatt at store mengder matjord i Ytrebygda i Bergen skal byggast ned, slik at arealkrevjande industri kan flyttast ut av byen. Dette er ifølgje bystyret naudsynt for å kunna fortetta byen, som eit ledd i å skapa den kompakte gå- og sykkelbyen Bergen.

Er det slik at me må ofra litt matjord for å hindra ukontrollert byspreiing? Kor viktig er eigentleg den norske matjorda, når me uansett har så lite, og allereie er så avhengige av å importera mat? Kva med matjorda si rolle som karbonlager?"

Kjetil Mehl innleia med å forelle litt om jord og om landbruket. Han slo fast at alle har ansvar for jordvern, det er ikkje bondelaget og bøndene sin jobb å sørge for at vi ikkje bygger ned matjorda. Han forklarte at langsiktig planlegging er viktig for å ta vare på jorda, og at politikarane må vere meir konsekvent og sette klare grenser for kva som absolutt ikkje skal byggast ned.

Erik Joner frå NIBIO snakka om jord og karbonbinding. Han viste at det ikkje alltid er enkelt å avgjere kva som er best for klimaet, men hadde også forlsag til tiltak, mellom anna  biokull som kan binde CO2.

Rasmus Haugen Sandvik frå Ap og Bergen bystyre sette tilhøyrarane inn i bakgrunnen for BLÅE og omdisponeringa av dyrka og dyrkbar mark i Ytrebygda. Han meinte planen ikkje ville vorte sett i gong i dag og meinte det sittande bystyret vil ha ein strengare politikk som vil sørgje for betre jordvern i framtida. BLÅE kan dei ikkje gjere noko med no, sa han, sidan den har vore i Næringsplanen og Kommuneplanen så lenge at det ville få for store konsekvensar for dei involverte.

Etter innlegga var det debatt der også Ørjan Sælensminde frå Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland var med. Du kan høyre innlegga og sjå debatten her: