LUKE 7
No kan du opne luke sju i julekalenderen vår.
- Me har fleire gode tradisjonar med jul, fortel Anders Felde.
Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, ramsar opp i fleng.
- På veslejulafta er heile morssida samla, og på julafta får me besøk av nordpolnissen. Det er mor mi, ho brukar dukke opp midt på dagen. Elles går me i kyrkja, og et god mat om kvelden.
Litt av alt
- Til julemiddagen har me litt av alt. På bordet står både pinnekjøt og svineribbe med sprø svor. I tillegg står fire ulike pølser på bordet, samt kålrotstappe og andre godsaker.
Felde har stjerner i augo, når han fortel om all maten høgtida har å by på.
- Med jul betyr god mat mykje, og der gjer bøndene ein solid jobb.
Julegåvetips frå bondehøvidngen
- Mitt beste tips er å gje ungane harde pakkar, slik at dei får leike og byggje litt.
Felde fortel at han sjølv ynskjer seg ny treningsbukse, men at gåvene ikkje er det viktigaste.
- Eg gler meg til å bruke jula saman med famiIien, og eg gler meg aller mest til å vera saman med ungane mine. Då skal me finne på mykje rart, ler Felde.