LUKE 21
No kan du opne luke 21 i julekalenderen vår.
- Eg elskar jobben min, seier Jeffrey Thomas.
Han er hovudtillitsvald på meieriet på Byrkjelo. Thomas har lett for å prate, og fortel ivrig om arbedisplassen.
- Annan kvar Norvegia, og kvar tredje brunost er produsert på Byrkjelo.
Travelt før jul
ÅRLEG PRODUKSJON: 11 500 tonn kvitost, (10 200 tonn porsjonspakka på anlegget på Byrkjelo), 2800 tonn brunost og 7 mill liter konsummjølk.
- TINE Meieriet på Byrkjelo er stort, det er faktisk det nest største i Norge.
Thomas har jobba på anlegget i 12 år, og fortel at dei ansatte jobbar tre ulike skift seks dagar i veka. I fylgje Thomas kan det vera travelt, men det går fint.
- Tida går fort, når ein har mykje å gjera. I høgtidene går anlegget 24/7, då må me stå på litt ekstra. Me er cirka 135 som jobbar her, i tillegg til sjåførar, salspersonale og rådgjevarar for mjølkeprodusentar.
Sjølv om anlegget går for full maskin i høgtidene, vert det ikkje brukt vikarar.
- Nei, det går ikkje. På ysteri for eksempel, er det kun fagfolk som kan jobbe. Difor brukar me eigne folk, året rundt.
God respons
JULEGÅVETIPS: Thomas fortel at ein god ost, er ei bra julegåve.
- Me får veldig gode tilbakemeldingar på produkta våre, fortel Thomas.
Det er motiverande for amerikanaren, som er busett i Gloppen kommune.
- TINE ligg høgt på omdømmelista, det er eg stolt av. Me er veldig opptatt av kvalitet, og det er viktig for oss å levere kvalitetsvarer til kundane våre, seier han og smiler.