Luke 13
I år deler me gode minner frå tidlegare julekalenderar, og i kveld for me eit artig gjennsyn med det legendariske luciatoget frå 2016.
STEMMER I: Kom i Lucia-stemning med Marianne Kvalvik Kvamme, Anders Felde, Ole Bjarne Hovland, Ole Ivar Åm Sognnes og Kari Sigrun Lysne.
Ingen 13. desember uten Lussekattar, me deler gjerne Tine si oppskrift med deg:
Ingredisensar:
- 150 gram Tine meiersmør
- 5 desiliter mjølk
- 50 gram gjær
- 1 gram safran
- 150 gram sukker
- 1/2 ts salt
- 2 ts kardemomme
- 13 dl mjøl
- 1 stk samanvispa egg
- 1 dl rosiner
Slik går ein fram:
- Smelt smør og tilsett mjølk. Smuldre gjær i ein bakebolle og rør ut i litt av den lunkne mjølkeblandinga. Bland i resten av væska.
- Rør i sukker, salt, kardemomme, safran og mjøl til deigen er passe fast. La deigen heve under plast på ein lun stad til den er dobbel størrelse, ca. 30 minuttar.
- Strø litt mjøl på bordet, elt deigen godt. Del deigen i bitar og trill dei til lange fingertjukke pølser. Del i ca. 30 bitar. Form ulike lussekattar.
- Legg lussekattane på steikeplate med bakepapir, og la dei heve under plast på ein lun stad i minst 15 minutt. Sett steikeomnen på 250 °C.
- Pensle lussekattane med sammenvispa egg og pynt med rosiner. Steik midt i omnen i 5 - 8 minutt til dei blir gylne.
Oppskrifta fann me hjå TINE. Klikk deg gjerne inn for gode baketips:
https://www.tine.no/oppskrifter/bakst/sot-gjarbakst/lussekatter
Oppskrifta fann me hjå TINE. Klikk deg gjerne inn for gode baketips.