LUKE 13
No kan du opne luke 13 i julekalenderen vår.
STEMMER I: I dag har born over heile fylket gått i luciatog. Styret i Sogn og Fjordane Bondelag er ikkje meir sjølvhøgtidlege enn at dei tok utfordringa - med svensk tekst......
Ingen 13. desember uten Lussekattar, me deler gjerne Tine si oppskrift med deg:
Ingredisensar:
- 150 gram Tine meiersmør
- 5 desiliter mjølk
- 50 gram gjær
- 1 gram safran
- 150 gram sukker
- 1/2 ts salt
- 2 ts kardemomme
- 13 dl mjøl
- 1 stk samanvispa egg
- 1 dl rosiner
Slik går ein fram:
- Smelt smør og tilsett mjølk. Smuldre gjær i ein bakebolle og rør ut i litt av den lunkne mjølkeblandinga. Bland i resten av væska.
- Rør i sukker, salt, kardemomme, safran og mjøl til deigen er passe fast. La deigen heve under plast på ein lun stad til den er dobbel størrelse, ca. 30 minuttar.
- Strø litt mjøl på bordet, elt deigen godt. Del deigen i bitar og trill dei til lange fingertjukke pølser. Del i ca. 30 bitar. Form ulike lussekattar.
- Legg lussekattane på steikeplate med bakepapir, og la dei heve under plast på ein lun stad i minst 15 minutt. Sett steikeomnen på 250 °C.
- Pensle lussekattane med sammenvispa egg og pynt med rosiner. Steik midt i omnen i 5 - 8 minutt til dei blir gylne.
Oppskrifta fann me hjå TINE. Klikk deg gjerne inn for gode baketips.