Inviterer til temakveldar før innspel til Jordbruksoppgjeret 2024
- Det er viktig at vi klarar å få til eit stort engasjement i Bondelaget før jordbruksoppgjeret 2024, seier leiar i fylkesstyret Gry Ingvild Agjeld. Møteserien på kveldstid den 8.-11. januar er ein start på innspelsarbeidet før forhandlingane. - Eg håpar at mange av medlemene finn det nyttig å vere med oss ein eller fleire kveldar held Agjeld fram.
Vestland Bondelag inviterer alle bruksmedlemer til fagmøte med fokus på dei ulike produksjonane.
Møta vert gjennomført digitalt på TEAMS den andre veka i januar 2024. Møta tek til klokka 20:00 på kvelden og varer i kring 90 minutt. Møta er tenkt som god kunnskapsbygging til lokallaga sitt arbeid med innspel i førekant av jordbruksforhandlingane 2024. Det vert også høve til å møte sentralt tillitsvalde og tilsette i organisasjonen.
- 8. januar klokka 20:00 - Sau og Lam
- 9. januar klokka 20:00 - Mjølkeproduksjon ku
- 9. januar klokka 20:00 - Grøntproduksjonen
- 10. januar klokka 20:00 - Ammeku
- 10. januar klokka 20:00 - Mjølkeproduksjon Geit
- 11.januar klokka 20:00 - Velferdsordningane
Du kan stille spørsmål og melde deg på HER
Frist påmelding: Klokka 10:00 same dag som møtet skal vere
Delatjer program for temakveldane finn du HER og nedanfor i teksten
Måndag 8. januar 2024 klokka 20:00: SAU og LAM
20:00: Velkomen ved møteleiar Knut Tore Nes Hjelle (nestleiar i Vestland Bondelag)
20:10: Slik kan jordbruksoppgjeret medverke til å styrke økonomien i produksjon av sau og lam
Innleiing ved Bodhild Fjelltveit, 2. nestleiar Norges Bondelag
Tid til korte oppklarande spørsmål
20:40: Kva må til for å styrke sauehaldet i Vestland?
Innleiing ved Reidar Kallestad, leiar HSG og Ragnhild Sæle, leiar SFSG
21:00: Spørsmål og dialog med utgangspunkt i innleiingane
Spørsmål som er komne inn i førekant, spørsmål i chat, munnlege spørsmål i møtet – dialog
21:30: Takk for i kveld ved Knut Tore Nes Hjelle/Guro Stuve
Tysdag 9. januar 2024 klokka 20:00: MJØLKEPRODUKSJON KU
20:00: Velkomen ved møteleiar Gry Ingvild Agjeld (leiar i Vestland Bondelag)
20:10: Slik kan jordbruksoppgjeret 2024 medverke til å styrke økonomien i produksjon av mjølk
Innleiing ved Anders Huus, seniorrådgjevar i Norges Bondelag
20:30: Marknadsutsikter for norsk mjølk
Innleiing ved Rolf Øyvind Thune, nestleiar Tine SA
20:50 Spørsmål som er komne inn i førekant, spørsmål i chat og munnlege spørsmål i møtet – dialog
21:20: Takk for i kveld ved Gry Ingvild Agjeld/Olav Myhr
Tysdag 9. januar 2024 klokka 20:00: Grøntproduksjonen
20:00: Velkomen ved møteleiar Knut Tore Nes Hjelle (nestleiar i Vestland Bondelag)
20:10: Slik kan jordbruksoppgjeret vere med på å legge til rette for vekst i produksjon av grønt i heile landet
Innleiing v/ Egil Christopher Hoen, 1. nestleiar i Norges Bondelag
Tid til svare ut spørsmål som er komne inn i førekant, spørsmål i chat og munnlege spørsmål i møtet – dialog
21:20 Takk for i kveld ved Knut Tore Nes Hjelle/Knut Byrkjenes Hauso
Onsdag 10. januar 2024 klokka 20:00: Ammekuproduksjonen
20:00: Velkomen ved møteleiar Kjersti Hjelmeland (Styremedlem i Vestland Bondelag)
20:10: Korleis påverkar marknaden økonomien i storfekjøtproduksjonen?
Innleiing ved Harald Selsaas, Rådgjevar økonomi/tilførsel i vest
20:40: Kva må til for å styrke kjøtproduksjon på ammeku i Vestland?
Innleiing ved Anita Sæther, leiar Tyr Sogn og Fjordane
Tid til svare ut spørsmål som er komne inn i førekant, spørsmål i chat og munnlege spørsmål i møtet – dialog
21:20: Takk for i kveld ved Kjersti Hjelmeland/Rolf Olav Gjørven
Onsdag 10. januar 2024 klokka 20:00: Mjølkeproduksjon Geit
20:00: Velkomen ved møteleiar Gry Ingvild Agjeld (leiar i Vestland Bondelag)
20:10: Slik kan jordbruksoppgjeret 2024 medverke til å styrke økonomien i produksjon av kje- og geitkjøt
Innleiing ved Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
20:30: Marknadsutsikter for norsk geitmjølk
Innleiing ved Helge Arne Espeland, styremedlem Tine SA
20:50: Tid til svare ut spørsmål som er komne inn i førekant, spørsmål i chat, spørsmål i møtet – dialog
21:20: Takk for i kveld ved Gry Ingvild Agjeld
Torsdag 11. januar 2024 klokka 20:00: Velferdsordningane
20:00: Velkomen ved møteleiar Kjersti Hjelmeland (Styremedlem i Vestland Bondelag)
20:10: Erfaring frå arbeid med velferdsordningane sett frå NLT si side
Kvar vil det vere størst trong for endringar?
Innleiing ved Janne Aagensen, styremedlem Norske Landbrukstenester
20:30 Babycall - Døme på hjelp til å finne fram i forskrifter, lover og rettar ein har som sjølvstendig
næringsdrivande
– Det er mer komplisert for bonden, særlig på grunn av at det å være bonde ikke er en 8/16-jobb,
inntekter som svinger fra år til år og ofte i tillegg arbeidsforhold utenfor gården. Dette kan skape
tvil om hvordan Nav-reglene skal anvendes for bonden, sier Midling-Hansen.
Innleiing ved advokat Elise Midling – Hansen
21:00: Tid til svare ut spørsmål som er komne inn i førekant, spørsmål i chat, spørsmål i møtet – dialog
21:30 Takk for i kveld ved Kjersti Hjelmeland/ Kari Sigrun Lysne
VELKOMEN - HUGS Å MELDE DEG PÅ