LUKE 12
No kan du opne luke 12 i julekalenderen vår.
- Eit medlemskap i Bondelaget er ei fin julegåve, seier Nils Magne Gjengedal.
Han er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.
- Eg håpar folk gjer fornuftige julegåver, difor er medlemskap i Bondelaget eit godt tips.
Godt forslag
- Eg håpar ikkje folk berre gjer kvarandre dill og dall til jul, difor er medlemskapet ein god ide.
Sjølv er Gjengedal usikker på kva han ynskjer seg til jul.
- Gåvene er ikkje det viktigaste no, eg har fått så mykje fint gjennom alle år. Det som betyr aller mest, er å vera saman med familien.
Minner og tradisjonar
- Eg hugsar då eg var liten, då laga me mykje mat før jul. Det var slakting av gris, me laga pølser og slike ting. Då julafta kom, fekk me treet inn i stova. Medan foreldra mine var i fjøsen, pynta me juletreet.
Gjengedal fortel at også maten var klar, etter fjøsstellet.
- Då var det høgtid i stova. Eg minnast at bestefar min las juleevangeliet, det er eit godt minne å ha med seg.
Gjengedal fortel at ein del av tradisjonane har endra seg med tida.
- No kjem mellom anna juletreet inn før, men me et framleis julemiddagen etter fjøsstellet. Me har svineribbe med jul, og pinnekjøt til nyttår.
- Kva er høgdepunktet med jul?
- Det er bodskapen om jul som er høgdepunktet, me les framleis juleevangeliet. Det er ei god stund.