Lokallagsleiarane, styret og tilsette reiste til Oslo med nattoget onsdag kveld. Etter ein lang frukost på hotellet tok vi toget til Ås. Vi fekk omvising på Senter for husdyrforsøk med både sau, geit, ku og kalv.

Under lunsjen i Vitenparken vart det føredrag om bioøkonomi av professor Margareth Øverland frå Foods of Norway. Vi fekk òg sjå laben og høyre meir om forskinga deira.

Om ettermiddagen fekk vi omvising på Stortinget av æresmedlem i Hordaland Bondelag og stortingsrepresentant Nils T. Bjørke. Vi traff også Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet. dagen vart avslutta med middag og underhaldning på Landbrukets Hus. Nils T. Bjørke og 2. nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen, var med oss under middagen.

Fredag hadde vi vanleg leiarmøte med saker frå organisasjonen. Per Skorge og Aina Bratlie deltok frå Norges Bondelag. Arve Gladheim frå Gartnerhallen snakka om norsk grøntproduksjon og tollvern, medan Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse snakka om teknologiske trender og framtidig matvarepris.