Leiarskifte i Aurland Bondelag
- Eg treng ikkje gå lange vegen for å finne mentor til arbeidet som leiar i lokallaget, seier Gøril Tveiten Lie som tek over vervet som leiar i Aurland Bondelag etter mannen Einar Lie.
Einar hadde sete som leiar i lokallaget i 6 år og ynskte avløysing. Årsmøtet var svært nøgd med at kona Gøril tok på seg vervet, og ho vart samrøystes vald som ny leiar i lokallaget. Den avtroppande lokallagsleiaren kunne legge fram ei årsmelding som synte god aktivitet siste året. Mellom anna hadde lokallaget engasjert seg i arbeidet med utarbeiding av ny næringsplan for kommunen. Dette arbeidet er ikkje ferdigstilt. Å sikre verkemiddel som kan vere med på å utvikle landbruket i Aurland i næringsplanen vil vere eit av dei viktigaste arbeidsområda for det nye styret i laget. Med seg i styret har Gøril Tveiten Lie: Sigurd Vikesland, Gunnhild Strand Borlaug, Harald Skjerdal og Olav Stalheim.