Ordstyrar, Årsmøte, Æresmedlem og Gjester.

Endeleg er vi samla til årsmøte i Hordaland Bondelag igjen.  Det har vore ein unormalt lang og hard vinter for mange, men vi kan sjå små tegn til vår. Vi kjenner vårløysinga på dårlege kommunale og fylkesvegar. Det dryp vatn frå taket, sola varmar i solveggen, knoppane står klare til skyting, sauene står lamtunge og ventar.  Og vi ser vårtegn gjennom arbeidet i bondelaget.   Vi går våren i møte, med godt mot! 

Året vi har lagt bak oss har vore eit innhaldsrikt år på godt og vondt. Vi fekk etter kvart ei ny landbruksmelding som faktisk har ambisjonar som vi kan seie oss nøgde med, spesielt inntektsmålet som seier at vi skal redusera inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.  

Inntektsmålet vart avgjerande for brote i det påfølgjande jordbruksoppgjeret. Regjeringa følte ikkje opp måla i den nylege vedtekne stortingsmeldinga. 

Vi aksjonerte over heile fylket. Den morgonen vi blokkerte dei tre grossist lagera i Bergen, med god hjelp frå våre kollegar i Sogn og Fjordane, var ei stor oppleving. Den gode stemninga blant aksjonistane, tomlane opp og forståelsen vi fekk frå transportørane og andre. Og ikkje minst fekk vi  hovudoppslaga i heile nyhetsnorge!!

Det er slike dagar og opplevingar som gjev motivasjon til å kjempa for Hordalandsbonden i kvardagen!

Les heile talen her (pdf)