Bjørne Røthe har vore leiar i Bulken-Evanger Bondelag sidan 2003, men har ikkje tenkt å gje seg enno. Han tok attval på årsmøtet i går.

Ole Jørgen Rio har vore tillitsvald i styret i Voss Bondelag like lenge, og har leia laget sidan 2008. Han ga leiarvervet vidare til Lars Istad. Lars var leiar i Voss Bondelag før Ole Jørgen tok over, med unntak av eitt år der Olav Rio Holstad var leiar. Lars har også vore nestleiar i Hordaland Bondelag.

Dei to lokallaga hadde årsmøte kvar for seg før dei møttest til middag og underhaldning. Lokallagsleiar i Vossestrand Bondelag, Trond Olav Neteland, viste bilete og fortalde frå leiarmøteturen til Romania. Leif Arne Lirhus var utsending frå fylkesstyret.

Lars Istad og Ole Jørgen Rio

Bjørne Røthe, Trond Olav Neteland Ole Jørgen Rio. Biletet er teke ved eit anna høve.