GMarta Bjørgum Meland, leiar i Ullensvang Hagebrukslagode folkevalde i Ullensvang.

Mat vil alle ha og alle treng det for å leva. Me har mange flinke bønder i heradet og vil gjerne ha fleire. Ullensvang har mykje jord som er ute av drift. Heradet bør ta ansvar  til å få dette arealet drive anten som eigne einingar eller tilleggsjord. Alle som eig jord har eit ansvar med å halda jorda i hevd.

Me ber om hjelp frå dykk så me framleis kan produsera det du og alle treng, og som blir meir og meir viktig i tida som kjem. Folketalsauke i Noreg og Verda gjer at fleire vil trengja mat. Omlegging av kosthaldet i store nasjonar som Kina krev større areal. Tørke og flaumar  vil forverra situasjonen for matproduksjon i ikkje alt for fjern framtid. Alt dette kan ikkje løysast på kort tid. Men noko kan gjerast. Dyrka og dyrkbar jord må ikkje byggjast ned slik som Markaståstykket på Sekse. Det er dårlege teikn å gje framtida vår når ein veit korleis tilgangen på mat utviklar seg for våre barneborn og oldeborn (noko som bør ha høgast prioritet for alle politiske parti slik me ser det). All slik jord bør vera brukt til matproduksjon no og i framtida, og me kan ikkje skjøna at  noko anna har høgare samfunnsøkonomisk verdi. Bruk heller krefter og pengar på å styrka matproduksjonen i heradet vårt!

Likeeins ber me alle som er medlemmer og høyrer til politiske parti om å ta kontakt med sine på fylke- eller landsbasis framføre jordbruksforhandlingane. Me må ikkje bli avskorne med den politikken som regjeringa legg opp til for bonden. Då har matproduksjonen dårlege framtidsutsikter i vår del av landet. Me kan aldri bli så store som Sylvi Listhaug legg opp til. Kutt i tilskottssystemet vårt er ikkje løysinga for vår del, men at struktur og distrikt bør vera i sentrum framleis. Dette veit forhandlarane våre, men me er svært redde for kva dei kan bli møtte med.

Landbruket og matproduksjonen er viktig for fleire enn bonden.

Treng de meir informasjon så ta gjerne kontakt. Me kan gje litt skulering og veit kvar me får hjelp til det. Lukke til med arbeidet.

 

Med venleg helsing

Ullensvang Hagebrukslag