Kvotefri gaupejakt
Rovviltnemnda har vedteke at det skal vere kvotefri jakt på gaupe i region 1 også for 2017.
Region 1 består av Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.
Jakttida er 1. februar – 31. mars 2017. Det er i hovudsak hanndyr som blir felt under kvotejakta, og dei fleste blir felt i Vest-Agder.
Rovviltnemnda vurderer ikkje dette til å ha spesiell innverknad på bestandsutviklinga av gaupebestanden i Noreg, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.