Leiar i Austrheim/Lindås Bondelag, Jan Magne Keilegavlen, eig kalven som var med oss under Bergen Matfestival. Han fekk ei liste med 156 ulike namneforslag, og av desse valte han "Kuengen". Kalven er dermed oppkalt etter stedet der festivalen vart arrangert; "Koengen" eller "Kuengen" på Bergenhus Festning.

Det var fleire av deltakarane som hadde dette forslaget, og av dei vart Martine frå Hylkje trekt ut. Ho får ein premie i posten.

Kuengen er no heime igjen på garden til Jan Magne.  

Kuengen i kalvehytta under festivalen