Hordaland Bondelag har som mål å arrangere kurs for unge og nye bønder kvart år. Tema kan variere frå eigarskiftekurs til spørsmål om korleis deltakarane ser for seg framtida på garden.

-I år stilte vi fleire spørsmål enn vi gav svar, sa kursleiar Geir Totland. Han fortel at kurset hadde element frå "Betre Bonde" og at deltakarane sjølv måtte arbeide seg fram til kva dei meiner er rett val for framtida.

På programmet stod mellom anna finans og plan med Innovasjon Norge, turisme ved Hanen Vest, samt kommunen som samarbeidspart ved næringssjef Jan Tjosås. Bonde Kjetil Berge, som driv med sau og utleige, informerte om drifta og garden sin.

Dei 27 deltakarane fekk også reise på gardsbesøk til Therese og Arne Aalvik som driv med mjølk, frukt og bær, og til Liv Lyngstad og Even Øyri. Lyngstad og Øyri stilte opp både som bønder og som representantar for Landbruksrådgivinga, Nortura og Vestskog. Dei fortalde mellom anna om garden sin og val dei har tatt på vegen.

Sjølv om deltakarane var i ulik alder og på ulik stad i prossessen, gav dei uttrykk for at dei var nøgd med kurset og at det var mange nyttige spørsmål som vart berørt.

   Kursdeltakarane

Kaffipause hos Liv Lyngstad og Even Øyri

Gardsbesøk hos familien Aalvik

Det var ulik alder på deltakarane, den yngste var med i vogn