Kristian Sætre tek over som leiar i Vik Bondelag
- Det er kjekt for medlemene i Vik Bondelag at Kristian tek jobben som leiar, seier avtroppande leiar Jo Risløv. Med Kristian har vi fått ein ung leiar med pågangsmot.
Risløv er glad for at laget har fått ein med ungdommeleg pågangsmot i leiarstolen. Sætre med sine 27 år er mellom dei yngste leiarane i lokallaga i Vestland. Risløv er sjølv ingen gamal mann, men etter å ha hatt ulike verv i styret til Vik Bondelag sidan 2013, mellom anna tre år som leiar, tykkjer han det er greit å sleppe nye til i styret.
Økonomi i fokus
Med ei relativt ung forsamling med framtidsbønder til stades fekk den økonomiske situasjonen i næringa stort fokus. Det var ytra sterk uro for kostnadsutviklinga i næringa. - Vi kan ikkje kaste "blår i auga" på nye bønder som vil satse, vart sagt i møtet. Planar for investering må vere realistiske og det må gje ein økonomi som gjer at ein ikkje må vekse og springe mykje raskare for å få økonomien til å gå i hop. Det var semje om at jordbruksoppgjeret for 2022 er eit bra oppgjer, men ein er framleis uroa for at kostnadsveksten et opp gevinsten. Det er avgjerande for framtida å styrke økonomien innan husdyrproduksjonen og særleg for dei aktive bøndene som skal produsere maten vår no og inn i framtida.
Styret etter årsmøtet
- Leiar: Kristian Sætre
- Nestleiar: Målfrid Heggernes
- Sekretær: Eivind Lidal
- Kasserar: Per Olav Langeland Tistel
- Styremedlem: Turid Haga Vange
- Styremedlem: Frode Voll
Jo Risløv t.v. sender stafettpinnen vidare til Kristian Sætre som er ny leiar i Vik Bondelag.