BONDE: Nils Magne Gjengedal.

 

Gjengedal er 2.vara i styret til Vestland Bondelag, og han har brukt sommaren til å reflektere over det som kom fram i rapporten.

- For deler av Vestland er det ikkje mogeleg å dyrke frukt eller grønt. Det som kjem fram i rapporten betyr kroken på døra for meg. Det er det ikkje tvil om.

 

Utan sol og store mengder nedbør

- Eg bur i Gjengedalen i Gloppen kommune. Der har me fire månadar utan sol, og enorme mengder nedbør. Lite attraktivt tenkjer du? Ein nydeleg stad meiner eg.

For Nils Magne er nemleg grasproduksjon det store. Han held jorda i hevd, og får sjå glade dyr på beite.

-  Det er eit under at gras gjennom dyr kan bli til menneskemat. Tenk på det du. Tenk på det!

Nils Magne har kyr. Dei er han glad i. Han vil gjerne halde fram som mjølkeprodusent, men dersom folk ikkje skal ete kjøt er han uroleg. Kva kan han tilby folk då?

 

Kreativ sommar og tankespinn

- Sidan dyr ikkje skal beite, vil eg tilby folk å kome å beite ned bakkane mine i Gjengedalen. For eit tilbod!

Gjengedal tilbyr samstundes eit lite krypin dei kan bu i. Det kan han frakte rundt med traktor og pallegaffel.

- Etterkvart som dei beitar ned, må dei flyttast rundt. Eg er på tilbodssida.

 

Lukrativt

- Når fjellbeita står for tur tek det seg opp. Då kan dei knaske bær i tillegg. Dei kan bu på Gjengedalsstøylen, men må elles klare seg sjølv.

Gjengedal fortel at det er mogeleg å fiske fjellaure, men ein får ikkje vere for raus med fisken.

- Fjellauren er eksklusiv. Det blir maks ein fisk i veka. Ein skal tross alt leve på grønt.

 

Uroa for metanutslepp

- Dyr slepp ut metan. Det vil truleg menneske også gjere i auka omfang. Sjølv skal eg ikkje vere i Gjengedalen rundt beitande folk. Det er klinkande klart.

Gjengedal ser føre seg at metanutsleppa kan målast, men er usikker på korleis.

- Det får forskarane ta seg av. I tillegg må kledeindustrien tilpasse plagg som gjer at ein kan gå med ein målar på seg. Gjerne utan for mykje ubehag.

 

Pass på knea

- Det å krype rundt på alle fire og leike ku kan slite på knea. Då får eit alt overbelasta helsevesen meir å gjere.

Det ynskjer ikkje Gjengedal.

- Me må samarbeide med dei som lagar knebeskyttarar.  Om folk brukar det, kan det virke førebyggande.

 

Mykje skjemt, mest alvor

 

- Eg har hatt mykje moro med å tenkje ut dette, samstundes har eg kjent på klump i magen.

Gjengedal blir alvorleg. Smilet og latteren forsvinn.

- Ingen folk kan leve på gras. Hjå meg kan eg berre dyrke gras. Folk treng mat, og eg kan bidra til at dei får det. 

Rapporten med dei nordiske kostholdsråda fokuserte ikkje på importen av kjøt, og dei kom ikkje med forslag til klimatiltak der. Det overraska Gjengedal.

- Det gjer vondt at dei føreslår å kutte i produksjonen vår her heime. Forbrukaravgift på raudt kjøtt og redusere produksjonsstøtte til dei som driv med raudt kjøtt er to av tiltaka som står. Samtidig skal me halde fram med import.

Håpet er at det vert gardsdrift i Gjengedalen inn i framtida også.

- Mat til eigen befolkning er den viktigaste beredskapen eit land kan ha. Eg er stolt bonde, og eg skal klore meg fast så lenge det går.