Kyrne er på veg bort frå distrikta. I Vestland, i Møre og Romsdal og i Nord-Noreg er dette tydeleg. I Vestland har vi nedgang i tal kyr sjølv om det er ein oppsving i ammekutalet. Å prioritere struktur viser seg å ikkje vera lett, men vi må faktisk ta vidare grep. Om ikkje så vil denne utviklinga faktisk fortsette. Rundt neste sving så utfordrar det verdiskapinga rundt bonden – bøndene, meieriet, slakteriet, veterinærane alle ropar ut eit varsko om kva som skjer i distriktsnoreg. Vi må høyre etter! Det er alvor!


Med dette som eit bakteppe er det ikkje greitt at det er dei minste mjølkebruka både ku og geit, dei minste sauebruka, ammekuprodusentane og dei med rein oppfôring av kalv som kjem dårlegast ut i årets jordbruksoppgjer. Utan meir strukturgrep på areal, må distriktstilskotet innrettast slik at det er mogleg å få lønnsemd i distrikta. Vi trengte desse trappetrinna som er låge nok til å fange opp dei minste bruka. No må vera kloke inn i debatten om tak og fleire strukturgrep i husdyrtilskota. For å auke sjølvforsyningsgraden slik som totalberedskapskommisjonen konkluderar med, må det vera mogleg og det må lønne seg å utnytte utmarksbeitet. At naturvernforbundet no ønskjer sauen vekk frå villreinen sine beiteområder, og auke opp antal rovdyr er korttenkt og skremmande. Her må vi vera tydelege!


Det er heilt fantastisk det vi har fått til når det gjeld investeringsmidler. Å ha eit tak på 5 millionar utgjer ein kjempeforskjell på gjennomsnittsbruket i Vestland med 100 000 mjølkeliter som skal bygge om til lausdrift. No er det mogleg! Men inntekta må vi ha, og klarer vi ikkje å prioritere dette sterkare i neste jordbruksoppgjer fortsetter vi å flytte på kua, ho hamnar der det er størst lønnsemd i mjølk- og kjøtproduksjonen. 


Vi treng den luksusen det er å kunne satse på både store og små gardar, så lenge det er vanskeleg å hente meir av prisen i marknaden, må vi faktisk ta budsjettgrep for å unngå at inntekta for dei største gardane også er sikra. Det er avgjerande viktig i distrikta og. Men det er ikkje klokt å fortsette å med same utvikling som i dag.
Vi skal i gang med arbeidet med nytt næringspolitisk program og vi ta med oss dette inn i den diskusjonen. Korleis skal vi klare å ta vare på distriktsjordbruket. Vi tok nokre viktige prioriteringar i arbeidet med førre næringspolitiske program med ønskje om å prioritere dei små og mellomstore gardane, dette har vi ikkje klart å gjere fullt ut. 


Totalberedskapskommisjonen konkluderer med at husdyrhold og særleg mjølkeproduksjon er bærebjelken i norsk matproduksjon. I distrikta er bærebjelken svekka, og vi er redd for at den skal falle ned og etterlate bygder med gjengrodde grasareal, og ein varig svekka matberedskap i landet vårt.