I kronikken tek fylkesleiaren opp  mange viktige problemstillingar og utfordringar som Felde er heilt klar på vil skape debatt.  Utan meiningsutvekslingar som kan synleggjere utfordringar og ulike løysingar kjem vi ingen veg hevdar Felde. KØYR DEBATT! 

Nedanfor kan du lese heile kronikken til fylkesleiar Anders Felde

Mjølkekvotar vart innført grunna overproduksjon etter store investeringar etter opptrappingsvedtaket. Frå 1983-1997 var det avgrensa  mogelegheit for å skaffe seg kvote, bortsett frå å gå i samdrift.  Frå 1997 var det berre Statleg omsetning, og ein fekk kjøpt lite kvote.  Seinare  kom privat kjøp/sal (først 30% privat/70% stat), og i 2009 fekk vi kvoteleige.  Alt dette vart gjort for å auke utviklingsmogelegheitene for mjølkebonden. Samtidig har kvoteordninga vore heilt avgjerande for at vi framleis har ein spreidd mjølkeproduksjon fordelt over heile landet, om lag som for 40 år sidan.  Mjølkekvotar er altso først og fremst ein måte å regulere marknaden på og ikkje eit verdipapir.

Fleksibiliteten i kvoteordninga har gitt noko større bruk med større investeringsevne, samtidig som vi har fått ei teknologiutvikling til velsigning for både folk og fe!  Problemfritt har det ikkje vore, og norsk mjølkeproduksjon har ikkje råd til å betale for fleksibiliteten i kvoteordninga inn i evigheita!

Kvoteordninga og omsetting av mjølkekvotar har vore handtert på ulike måtar alt etter kva som over tid har vore utfordringa i Norsk landbruk, og kva som har vore ideologien til den sittande regjering.  Ein auka totalkostnad i norsk mjølkeproduksjon er den store nedsida, medan fleksibiliteten for kvoteeigar er ei av oppsidene  med ordninga. Kvoteordninga gjer det mogeleg å  tilpasse seg marknaden og dermed oppretthalde mjølkeprisen (dette får vi eit godt døme  på i 2022!).

Kva er utfordringa no ?

Ein del med allereie store kvotar har vokse seg enno større, medan mange med små kvotar ikkje har hatt ressursgrunnlaget som skulle til for å «vekse seg stor».  Lønsemda i mindre utbyggingsprosjekt har vore so svak, at dei mindre bruka på mange måtar har vore diskvalifisert frå å delta i utviklinga.   Samtidig har vi lausdriftskravet som svært mange gardsbruk har for små resursar til å innfri, med dagens investeringsvirkemidlar og med dagens lønsemd.  Mange av desse må kjøpe mykje kvote, til anten ein stor kostnad ved kjøp eller til ein stor fast leigekostnad, dersom dei vil vere med vidare..

Lønsemda i næringa er svak, kritisk svak for dei som har investert dei siste 5 åra.  Grunnen er kostnadsauke i produksjon og bygg, høge kvoteleige,  samtidig som mjølkeprisen har utvikla seg svakt (68 øre under konsumprisindeks sidan 2015).

Korleis nytte kvoteordninga dei komande 15 år ?

Eit forbod mot leige og privat kjøp og sal av kvote ville vore eit drastisk og øydeleggande grep for heile næringa, dersom ein ikkje gjorde fleire grep samtidig.  Forutsigbarheit i næringa er avgjerande for mjølkeprodusentane, og difor må ein finne ei ordning som også sikrar dei som i dag leiger kvote, og samtidig ei ordning som sikrar mange av dei som skal bygge fjøs i komande 15 års periode utviklingsmogelegheiter.  Det er avgjerande å tette inntektslekkasjane for at bonden skal sikrast inntekter på nivå med andre grupper.  Eit løft i inntekt som gir høgare kvoteleige og høge kvoteprisar vil føre til at mjølkebøndene ikkje når dette inntektsmålet.

I dag er det ca 356 mill. liter som er på leigemarknaden (samdrift inngår ikkje i dette talet), gitt ein gjennomsnittleg leigepris på ca. 80-100 øre, svekka dette inntektene til dei aktive mjølkeprodusentane med ca. 284-356 mill. kroner i året.  I tillegg kjem kjøp og sal av kvote som utfordrar likviditeten til dei aktive mjølkeprodusentane.  Er det rett å ofre deler av lønsemda for mjølkebonden for å ha denne fleksibiliteten i kvoteordninga i framtida ?  Utan endringar i kvoteordninga risikerer vi at passive kvoteeigarar eig meir enn halvparten av mjølkekvotane i 2034!

Nødvendig endringar for å sikre framtidig mjølkeproduksjon over heile landet

Årets jordbruksoppgjer burde avvikle leigemogelegheitene og avvikle privat kjøp og sal av mjølkekvote.  All kvote bør i framtida seljast til staten for kr. 4,- og kjøpast med staten for kr. 4,-.  Berre føretak med disponibel kvote under 300 tonn bør ha mogelegheit til å kjøpe kvote, gjerne med ein prioritet på dei bruka som skal bygge om til lausdrift.  For å hindre framtidig kapitalisering av denne «rimelege kvoten» bør dette vere «statleg grunnkvote» som for framtida berre kan seljast til staten for 4 kroner uansett framtidige endringar i kvoteføreskrifta.  Eigarar av Landbrukseigedomar utan mjølkekvote  kan og kjøpe mjølkekvote, dersom det føreligg godkjent driftsplan.

Ein må også avvikle ordninga med kvoteleige.  Innføre eit amnesti for dei som leiger kvote i dag.  Utleigar får tilbod om å selje til staten for kr. 4 eller til utleigar for kr. 6.  Fleirtalet vil då truleg selje til den som i dag leiger kvote.  Dei som i dag leiger kvote og ikkje får kjøpt «sin» kvote, må få prioritet på statleg sal, uansett grunnkvote.

Einaste utviklingsmogelegheit for mjølkebruka over 300 tonn vil då vere gjennom samdrift.  Innføring av avstandsreglar og antal avgrensing vil vere mogeleg, for å legge nokre avgrensingar  på etablering av «fiktive» samdrifter.

Er det verdt å legge so sterke avgrensingar på mjølkebonden for å spare nærare 500 mill i året, samtidig som vi prioriterer rimeleg statleg kvote til dei minste bruka som vil utvikle seg ?

Vi meiner tiltaka treff utfordringane i mjølkesektoren godt.  Kvoteføreskrifta er ikkje høgd i stein, og kan endrast for å bidra til løysing på utfordringane i næringa, i staden for å vere kjelda til ein del av utfordringane i sektoren.